Kystordverket
Kystordverket har som mål å samle inn, dokumentere, systematisere og formidle ord og uttrykk frå norsk kystkultur. Dei fyrste åra vert det nettbasert innsamling, om nokre år er det kanskje nok tilfang til å trykkja ei ordbok.
Kystordverket har oppretta ein prosjektportal på Lokalhistorie-wiki der det innsamla materialet vert samla, publisert og systematisert.
Gå til https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Kystordverket
Korleis kan du bidra med ord og uttrykk?
Metode 1:
Fyll ut skjemaet nedanfor. Det du skriv vert sendt til Kystordverket sine folk, som tar seg av å forflytta informasjonen ut i databasen på Lokalhistorie-wikien.
Metode 2:
Send informasjon på epost, anten som tekst eller vedlegg, til adressa nyttord@kystordverket.no
Metode 3:
Registrer deg som brukar på lokalhistorie-wiki og bidra direkte med innlegg og artiklar.