Om Kystkultur.no
{{text}} {{hotkey}}
{{text}}
{{text}} {{hotkey}}
{{text}} {{text}} {{hotkey}}
{{text}}
Stiftinga Kystkultur no! er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og 24 kystkommunar i Vestland fylke. Fylkeskommunen er Stiftinga Kystkultur no! sin viktigaste økonomiske støttespelar, men kommunane bidreg óg gjennom sin medlemskontigent. Stiftinga Kystkultur no! er ei ikkje-næringsdrivande stifting med føremål å stimulere og virke som pådrivar og fagleg instans for utvikling av kystkulturtilbod og koordinering av kystkultur i Vestlandsregionen.
Stiftinga Kystkultur No! driv nettstaden Kystkultur.no, som frontar kystkultur frå alle tider, både gammal og ny. Føremålet er å fremja kystkultur og området sitt særtrekk, styrkja identiteten i kystdistrikta og å skapa kultur- og reiselivsopplevingar knytta til kysten. Auka trivsel, vekst og nye arbeidsplassar er andre viktige målsetjingar. Dette skjer gjennom at folk får oppleva kystkultur og yrande folkeliv i mange former og uttrykksmåtar. Bak dei ulike aktivitetar står ei stor og variert gruppe lokale eldsjeler som er stolte av eigenart og tradisjonar. Programmet på Kystkultur.no femner vidt, frå store folkefester til intime konserter eller små arrangement: marknader, konsertar, torgdager, revyar, turar og andre aktivitetar. Mange veteranbåter er i sving, og folk i alle aldre kan prøva seg på ulike maritime aktivitetar. Tradisjonsmat, handverk og arbeidsteknikkar, lokale skips- og båttypar er sentrale ingrediensar. På dei mange marknadene kan småskala-produsenter av ulikt slag, særleg innan mat og handverk, visa seg fram for publikum.