Vis bakgrunnsbilde

Arkiv

Stiftinga Kystkultur no! er eit framhald av Stiftinga Kystsogevekene som hadde sitt utspring i prosjektet Kulturformidlinga Håkon den gode, som starta med Håkonarspela, skrive av Johannes Heggland. Initiativtaker og dagleg leiar av Kystsogevekene gjennom ei årrekke var Ragnhild Randal. Dei fyrste Kystsogevekene gjekk av stabelen i 1997 og sidan den gong har mønstringa vore årviss. Eit overslag frå 2016 fortel at det må ha vore over 3000 arrangement som har vorte skipa i stand, og godt i overkant av 700 000 menneske har tatt del i desse arrangementa. Det er mykje god kystkultur, det!

I menyen finn du nettsider, blogg og nede på denne sida ligg pdf av alle programhefta frå tidlegare år. Her er det mykje spennande å sjå igjennom, eit variert og særs mangslunge program. Dei første åra vart det òg laga eigne programhefter for Håkonarspela. Ta gjerne ein kikk, her kan du verte inspirert og få idear til arrangement, eller mimre om arrangement du har vore med på.

 

Kystsogevekene 2018 vart opna på Bryggen i Bergen under Fjordsteam 2018. Over 70 veteranbåtar frå inn og utland møttest, i tillegg ei rad tekniske køyrety på land og veteranfly og tog. Ein fire dagar lang fest for kystkultur i Vestlandets hovudstad.

 

Kystsogevekene 2017 vart opna i Strusshamn i Askøy kommune. Veteranbåten Vestgar gjekk frå Bergen, Kleppestø, Follese og til Strusshamn. Det var stor aktivitet på land og sjø med kajakkar, robåtar, seglbåtar, marknad, konsert, foredrag om Oselvaren, kulturhistoriske vandring, filmframsyning og godt oppmøte blant folk.

 

I 2016 vart opna på Litlebergen i Meland kommune. Veteranbåtane Stord og Vestgar tok turen frå Bergen. Det var fiskekonkurranse, kulturhistoriske vandringar på sjø og land og musikk.

 

Kystsogevekene 2015 vart opna på Onarheim i Tysnes kommune. Same dag vart kyrkja tatt i bruk som Onarheim kulturkyrkje, med stykket Anna Gyria, skrive av Johannes Heggland, og fremført av Johanne Øvstebø Tveden som første kulturelle innslag. 2015 var Friluftslivets år, og mange turar i kulturlandskap og kystlandskap sto på programmet, og dessutan friluftsaktiviteter på sjøen. Det var kjekt at så mange arrangørar også ønskte å ta med den fysiske aktiviteten langs kysten som del av Kystsogevekene i dette friluftslivets år. 

 

Kystsogevekene 2014 vart opna i Øygarden på Kystmuseet i Ovågen, i høve kommunen sitt 50 årsjubileum. Programmet var som alltid rikhaldig og mangfaldig. 

 

Kystsogevekene 2013 vart opna i Lindås, då nyrestaurerte Lindås sjøsluser var offisielt gjenopna. Det vart ein fantastisk dag i slusene sitt teikn. Ta gjerne ein kikk i programmet og sjå mangfaldet av aktivitetar som går føre seg, sjå spennvidda og tilbod som vert gjeve i løpet av desse vekene. 

 

Kystsogevekene 2012 vart opna i Sund, med sjølve opninga på Handelstaden Glesvær. Det var to nye kommunar, Fusa og Kvinnherad, med i mønstringa, som no omfatta arrangement i 22 kommunar.

 

Kystsogevekene 2011 art opna i Os, og opninga var i Nasjonalbåten Oselvaren sitt teikn. Kystdagane i Sunde, Kvinnherad var med i mønstringa for første gong. Det var over 200 arrangement og vi rekna med eit publikumstal på over 50 000.

 

Kystsogevekene 2010 vart opna på Osterøy. Det var 200 års jubileum for Ole Bull og opninga vart lagt til hagen til Bullahuset i Valestrand, og spelet Ole Bull - Fossegrimen frå Valestrand avrunda opningsdagen.

 

Kystsogevekene 2009 vart opna i Austrheim i samband med Fonnesdagen, Dajen der folk møtest, dagen der folk prater med gamle og nye venner, og mimrer og skaper nye minner. Det var bortimot 200 arrangement.

 

Kystsogevekene 2008 vart opna i samband med The Tall Ships' Races i Bergen. Dei store seglskutene i Vågen var ei flott ramme, og var startskotet for fem veker med over 150 arrangement i fantastisk haustver.

 

Kystsogevekene 2007 vart opna i Sveio på Øklandsnes. Det var 160 ulike arrangement fylt med publikum til trass for fem regnfulle veker.

 

Kystsogevekene 2006 hadde si offisielle opning i på Fjell festning i Fjell. Det var 155 ulike arrangement i løpet av fem veker. I programmet her finn du også bilete og omtale av utvalde arrangement.

 

Kystsogevekene 2005: Den offisielle opninga var på Fedje. Det var kring 160 tilskipingar, og det vart registrert over 35 100 deltakarar.

 

Kystsogevekene 2004 hadde den offisielle opninga i Austevoll. Dagen vart markert med eit rikt og mangfaldig program, mellom anna kapproing med edel kappestrid mellom øyane i Austevoll, og Ein kveld med Jacob Sande i Jon Eikemo sin framføring i Hengjo.

 

Kystsogevekene 2003 hadde Osterøy som arena for den offisielle opninga. Kulturkabareten Osterøy, ei øy i verda var sett opp. Barn, unge og vaksne synte innslag med lokal, nasjonal og internasjonal tilknyting.

 

Kystsogevekene 2002 var opna på Radøy. Sogespelet Amerikafeber vart sett opp på Vest Norsk Utvandringsenter, og synt under opninga. Meir enn 42 000 menneske fekk oppleve kystkultur på kring 150 ulike kulturtiltak i 20 kommunar dette året.

 

Kystsogevekene 2001 vart offisielt opna på Bømlo. Det var urframføing av Håkonarspelet Tora Mostrastong og Kongen. Nær 150 ulike arrangement var skipa til også dette året.

 

Kystsogevekene 2000 vart opna i Bergen i Kulturbyåret. Dette året vart Håkonarspelet 2000 framført på Bergenhus festning. 17 kommunar var med i samarbeidet.

 

Kystsogevekene 1999 vart offisielt åpna i Gulen med årspremiere på Håkonarspelet Håkon Adalsteinfostre til Gula. Dette året vart Kystsogevekene etablert som eiga stifting. Stiftinga var sett saman av 18 kommunar, Hordaland Reiseliv og Hordaland fylkeskommune.

 

Kystsogevekene 1998 vart offisielt opna på Seim i Lindås med Håkonarspelet Håkonarvarde. Dette året var det siste av i det treårige prøveprosjektet der Kulturformidlinga Håkon den Gode sto bak Kystsogevekene.

 

Kystsogevekene 1997 var det urpremiere på Håkonarspelet Kongen med Gullhjelmen i Fitjar. Dette var startåret for Kystsogevekene. På kvelden opningsdagen kveikte Hordaland Heimeverndistrikt vardar i 17 kommunar for å varsle at Kystsogevekene var i gong. 25-30 000 menneske fekk med seg kyst- og sogeopplevingar dette året. Kulturformidlinga Håkon den Gode samordna desse Kystsogevekene.

 

Programhefter 2018-1997
Last ned Kystkulturavisa 2018 Kystkulturavisa 2018
Last ned 2017 Kystsogevekene 2017 Kystsogevekene
Last ned 2016 Kystsogevekene 2016 Kystsogevekene
Last ned 2015 Kystsogevekene 2015 Kystsogevekene
Last ned 2014 Kystsogevekene 2014 Kystsogevekene
Last ned 2013 Kystsogevekene 2013 Kystsogevekene
Last ned 2012 Kystsogevekene 2012 Kystsogevekene
Last ned 2011 Kystsogevekene 2011 Kystsogevekene
Last ned 2010 Kystsogevekene 2010 Kystsogevekene
Last ned 2009 Kystsogevekene 2009 Kystsogevekene

Last ned 2008 Kystsogevekene 2008 Kystsogevekene
Last ned 2007 Kystsogevekene 2007 Kystsogevekene
Last ned 2006 Kystsogevekene 2006 Kystsogevekene
Last ned 2005 Kystsogevekene 2005 Kystsogevekene
Last ned 2004 Kystsogevekene 2004 Kystsogevekene
Last ned 2003 Kystsogevekene 2003 Kystsogevekene
Last ned 2002 Kystsogevekene 2002 Kystsogevekene
Last ned 2001 Kystsogevekene 2001 Kystsogevekene

Last ned 2000 Håkonarspelet 2000 Håkonarspelet
Last ned 2000 Kystsogevekene 2000 Kystsogevekene
Last ned 1999 Håkonarspela 1999 Håkonarspela
Last ned 1999 Kystsogevekene 1999 Kystsogevekene
Last ned 1998 Håkonarspela 1998 Håkonarspela
Last ned 1998 Kystsogevekene 1998 Kystsogevekene
Last ned 1997 Håkonarspela 1997 Håkonarspela
Last ned 1997 Kystsogevekene 1997 Kystsogevekene