Vis bakgrunnsbilde

Åttringen Harald

Vestland fylkeskystlag eig åttringen Harald. Båten vart bygd av Berit Osmundsen som del av hennar treårige stipendarbeid hjå Norsk Handverksinstitutt og gitt i gåve til fylkekystlaget frå Handverksinstituttet. 

 
Visjon/formål: 
Åttringen skal takast hand om av eit fellesskap
Båten skal ha ein aktiv bruk med ungdom og unge vaksne brukarar
Kystlag skal kunne bruke båten
Båten skal riggast for både råsegl og sprisegl
Båtbyggjar skal kunne involverast, ma. for å få brukartilbakemeldingar
 
Åttringen og utstyret til båten kan leigast av kystlag, skular, frivillighetssentre og andre offentlege og private institusjonar. Andre aktørar med naudsynte kvalifikasjonar kan leige båten og utstyret etter særskilt avtale med VFKL. 
 
Utleige av båten skal reserverast på førehand i utlånskalenderen. Uteige utover 2 veker må avtalast med Vestland Fylkeskystlag (VFKL) sin båtkoordinator, Kjell Magnus Økland.