Vis bakgrunnsbilde

Ungdomspilegrimane

Frå venstre: Alfred Bjørlo (ordførar i Stad) i lag med dei fire kystpilegrimane Sunniva, Dina, Victoria og Elisabet på Selja Kloster. Foto: Ragna Sofie Grung Moe.

Det skal vera fire ungdomspilegrimar med på heile ferda. Undervegs skal dei bidra med lesning og bøner samt at dei vil rapportera om sine tankar og posta bilete og videoar på Instagram. Følg med under emneknaggen #sunnivaseglas

Desse fire vert involverte i seremoniane med skrinet og skal vera med på heile seglasen til Bergen: Elisabet Osdal (protestant frå Selje), Dina Øien (protestant frå Florø/Kinn), Victoria Lid (ortodoks frå Os/ Bjørnafjorden) og Sunniva Aadland Høen (katolikk frå Oslo/Selja).
 

Dina:

Eg heiter Ingeborg Øien, bur i Florø og går på Flora VGS. Er protestant/Den Norske Kyrkja. Likar å gå på fjellturar, trene og vera saman med vener på fritida.

 

Victoria:

Eg heiter Victoria Elise Lid. Bur i Bjørnafjorden kommune og går på Os ungdomsskule. Eg er ein ortodoks kristen og går i Hellige jomfru Marias bebudelse menighet i Bergen. På fritida mi likar eg å lage mat, hekle og vere i lag med vener.

 

Elisabet:

Eg heiter Elisabet Osdal, bur i Selje og på Firda VGS. Er protestant i Den Norske Kyrkja og eg likar å vera med vener.

 

Sunniva:

Jeg heter Sunniva Aadland Høen, Jeg bor i Oslo og hører til i St. Olavs Menighet i Den Katolske Kirke. Jeg går i 10. klasse på Sta. Sunniva skole. Jeg liker spill og å høre på musikk.