Om ferda
Sunnivaseglaen er eit samarbeid mellom Nasjonalt pilegrimssenter, Selje regionale pilegrimssenter, Vestland fylkeskommune, kommunane Stad, Kinn, Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Gulen, Alver, Bergen, Bergen Kystkultursenter, Bjørgvin bispedøme, FN-sambandet i Bergen og Kystkultur.no.
Trygt ved det lunefulle Stadhavet ligg den heilage øya Selja. Heilt sidan Sankta Sunniva i følgje legenda vart funne på øya i år 996, har pilegrimar frå inn- og utland valfarta hit til landets eldste pilegrimsmål. Plassert midt i skipsleia mellom handelsstadene Bergen og Trondheim, var Selja også hovudankringsplass for nord-sør-trafikken i landet, truleg heilt fram til 1700-talet.
Rundt år 1090 vart Selja kloster etablert på vestsida av øya, som eitt av dei første i landet. I stordomstida var truleg Selja kloster praktfullt utsmykka, med søylegangar og vakre uthoggingar. I dag kan ein vandre mellom ruinane, gå inn i sjølve klostertårnet og opp stien til Sunnivahola, som seiast å vere fødestaden til kyrkja i Noreg.
Øya rommar også historie frå lenge før Sankta Sunniva og kristningsperioden i Noreg. Til dømes kan Sunnivahola ha blitt brukt som opphaldsstad allereie i steinalderen, og på høgda Ilshaugen i sør ligg ei massiv høvdinggrav som enno ikkje er arkeologisk undersøkt. På austsida Bø var det fire storgardar og kyrkjestad. Heilt fram til 1654 var det her kyrkja låg, og folket på fastlandet måtte ro til kyrkje på Bø.
Selja er ei av desse makelause, stille og heilage øyene som finst rundt om i verda. Ein stad der vi gjennom alle årstider kjem i kontakt med fortida og den urørte naturen. Faktisk er ho framleis eit lite katolsk bispedøme – og med sitt svært låge innbyggjartal, kanskje verdas minste.
(Tekstutdrag fra Kjelda konseptskisse, Selje kommune, 2019)
Forutan jubilea for Bergen by og Sta Sunniva-translasjonen er det mange andre gode koplingar og relasjonar som i denne ferda med både glede og nytte kan aktiverast: