Vis bakgrunnsbilde
Boklansering: Fellesnaust - tradisjonsbåtar til folket! — 20:30
Arrangør: Kystkultur.no Stad: Nøsteboden
Foredrag, Forestilling
Arrangementet høver for: Born, Ungdom, Vaksne (18+), Eldre



Det vart naust og moro då Kjell Magnus Økland si nye bok Fellesnaust - tradisjonsbåtar til folket! vart lansert på Nøsteboden.

Fellesnaust er allment tilgjengelege naust-anlegg der tradisjonsbåtar står klare for bruk og ventar på deg! Med vogn på hjulvenleg underlag og elektrisk vinsj er det enkelt for ein person åleine å sjø- og landsetja båtar uavhengig av vannstand. Klassesett med båtar i ulike storleikar sikrar at både åleinebrukaren og den store gruppa kan koma seg utpå.

 

Med fellesnaust kan dei klinkbygde tradisjonsbåtane få ei ny framtid og folk i alle aldrar får tilgang på både strandlinje og vannspeil. Fellesnaust er lavterskelmøtestader som vil fremja fellesskap, naturopplevingar, folkehelse og folkeopplysning gjennom fysisk aktivitet i naturen i tradisjonsbåtar. Og med fellesnaust midt i både bygd og by kan båtbyggarar få ein stadig straum av byggjeoppdrag. Ein fin bieffekt av fellesnaust er dermed at ein får vidareført den UNESCO-oppførte kulturtradisjonen bygging og bruk av nordiske klinkbygde tradisjonsbåtar.  Boka vert gitt ut av Kystkultur.no og fortel i detalj om korleis ulike sider ved fellesnaust-tanken kan løysast. Sjå www.fellesnaust.no for meir info om fellesnaust.

 

Om forfattaren: Kjell Magnus Økland er ein kystkulturell mangesyslar som arbeider som dagleg leiar for Stiftinga Kystkultur No! Sjå Kystkultur.no for meir info. Han har tidlegare skrive boka Oselvar – den levande båten som kom ut i 2016. Han skreiv nominasjonen som førte til at Oselvarverkstaden og Oselvarkulturen i 2016 vart ført opp på UNESCO si liste over gode vernepraksisar for immateriell kulturarv, som fyrste bidrag frå Norden. Som skribent, redaktør, foredragshaldar, vevmakar, fotograf og organisator medverkar han i ei rekkje organisasjonar som arbeider for å fremja kystkultur på Vestlandet. Les meir om han på www.kjellmag.no

 

Utgjevinga av boka er støtta av Kystkultur.no, Sparebanken Vest, Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.

 

Du kan kjøpa boka hjå Tekstallmenningen:
https://tekstallmenningen.no/butikk/boker/fellesnaust-tradisjonsbatar-til-folket/

Last ned Infoskriv om boka Infoskriv om boka
Last ned Presseskriv om boka Presseskriv om boka
Last ned Det skal vera for alle, ikkje berre dei få Det skal vera for alle, ikkje berre dei få Bladet Tysnes 29. februar 2024
Last ned Mener fellesnaust er løsningen Mener fellesnaust er løsningen Båtmagasinet 4. mars 2024



Nøsteboden